å stille seg usynleg
litt på sidelinja
dytte seg sjølv ut
i beste meining
sjå alle som hastar forbi
le litt av alle dei slitne ansikta
studere dei slitte skoa,
hendene som held så hardt i handleposane
tilpasse blikket
til lyset i gata
vere kameleon, spion
fluge på veggen
sjølvsagt i beste meining --
me vil det berre godt
ja
Viser innlegg med etiketten sjå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjå. Vis alle innlegg
torsdag 30. januar 2020
søndag 26. januar 2020
Når du ser på meg
eg vert til
når du ser på meg
aleine eksisterer eg
går her, som ein motor
på tomgang
når du ser på meg
vert hjartet mitt materialisert,
kroppen tek form
som ein skugge som reiser seg opp
vidar seg ut i ein ny dimensjon
og fyller lungene
for første gong
i auga dine
får verda rundt meg farge
og alt som før var
råstoff for å overleve
vert eit landskap å springe i,
leggje seg ned blant fargerike blomar
og vere til i
når du ser på meg
aleine eksisterer eg
går her, som ein motor
på tomgang
når du ser på meg
vert hjartet mitt materialisert,
kroppen tek form
som ein skugge som reiser seg opp
vidar seg ut i ein ny dimensjon
og fyller lungene
for første gong
i auga dine
får verda rundt meg farge
og alt som før var
råstoff for å overleve
vert eit landskap å springe i,
leggje seg ned blant fargerike blomar
og vere til i
søndag 22. juli 2018
Soleiebarn #7
Etiketter:
gøymt,
ord,
sjå,
skjulestad,
soleiebarn,
soleier
søndag 14. februar 2016
Du såg
det lyset det brenn
som ein fakkel i auga,
lynglimt frå eit hjarte
gjennom tid, gjennom rom
festa seg til kleda mine
trengde gjennom huda, håret,
tvinna saman nye nervebaner,
let blodet renne slik det skulle
og det brennande lyset
vart jordsmonn å vekse i,
vatn som næra, gav liv
til flammen som endå brann stille
kunne vel nokon mista vegen,
i eit slikt striregn
av kjærlege tankar
då du såg på meg –
tirsdag 6. januar 2015
Sjå det nye
du
har sett det før
seier
du
men
då var det andre molekyl
og
andre luftlag mellom
ein
annan nyanse
av
lys over himmelen
andre
omstende, andre tankar
- nevrona har funne nye baner i hjernen;
det
var noko anna du såg
den gongentirsdag 27. august 2013
Omveg
Ho går så stille og rart,
som om nokon sit og lyttar,
klare til å
kritisere, slå ned på
og fordømme den minste lyd
- auga avslører ei frykt
vi ikkje forstår
og vi veit: Det er ikkje hit ho skal
eigentleg
skulle ho hit likevel?
Vi løfter skuldrene, kikkar på
kvarandre,
men ingen seier noko, ingen gjer noko
–
Vi let henne
gå, fortset med vårt
som om det heile var ein draum,
men vi kan sjå fotspora i molda, dei
går ikkje vekk,
same kor mykje vi prøver å lukke auga
og snu oss vekk
Og bildet av dei redde auga,
har brent seg fast på netthinna –
dette må vi leve med
om vi vil eller ikkje
#å sjå
I skulen dukkar det frå tid til annan opp einsame sjeler, elever som nærast unnskylder sin eigen eksistens, og som ikkje heilt får innpass hos dei andre. Som lærarar prøver vi alt vi kan å hjelpe, både å bygge opp sjølvtillit og leggje til rette for inkluderande aktivitetar. Likevel lukkast vi ikkje alltid, og av og til har eg lyst å rope til medelevane: Men kan de ikkje sjå? Nokre av mine svartaste minner, og dårlegaste samvit, er knytta til menneske eg sjølv ikkje har sett...
Etiketter:
menneske,
omsorg,
sjølvbilete,
sjå,
venskap
Abonner på:
Innlegg (Atom)