Viser innlegg med etiketten gøymt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gøymt. Vis alle innlegg

onsdag 25. november 2020

Mykje gøymt

det er mykje du kan gøyme

bak eit gjerde, under ein stein

utanfor rekkevidde

for vitet


store ord kan skjule tusen mistak

gøymt som usynlege komma

i ein skog, i eit vatn

der ingen vågar å opne munnen

                utan frykt for å kvelast

av gamle bokstavar på skrå i halsen


hundre små ord, som repetitive frekvensar

gjennom luftrøyr svarte av skuld

og auge som må haldast lukka

for ikkje å røpe alt ein veit

og som ingen skal vite at ein visste --


men det aller siste

er stilla og mørket;

ein sikker skjulestad, kan ein tenke

 

men til sist 

          kjem alt 

                     fram i lyset



onsdag 18. september 2013

Mellomstasjon



Her står dei lagra
Joggeskoa
Badeendene
Genserane
Tørrfisken
Og legoklossane
Her står dei på rekke og rad
Stabla, sortert, merka og ordna
Etter nummer og dato og mål –
Her står dei lagra,
på containerventerommet, ein avkrok
i verda

Eg står på ei høgde og ser på sorteringa,
ser kor kranane hentar, løfter og set ned,
ser dei travle maurane
som alle har sin plass, si oppgåve
i maskineriet
og det slår meg, berre ein fjern tanke
frå inst i avdelinga for migrasjon
og gamalt nytt:

Kan det vere, kan det tenkjast
at der nede, i ein stengt container,
som ein mellomstasjon til fridom,
sit eit menneske
svolten og redd
skjelvande
i bøn om snarleg frakt, godt vér
og kontrollørar med dårleg syn og godt hjarte -