Viser innlegg med etiketten Vinterlandskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinterlandskap. Vis alle innlegg

tirsdag 27. februar 2018

Blanke dagar



isen er ei kappe
ømt senka over landskapet
med forsiktige hender

desse uklare husa
uklare menneska
med gjennomsiktige sjeler
stille vandrande -

eit plan for tankane
og dei varme kjenslene
og dei dirrande, djupe
redslene

og eit plan for beina
med stødige musklar
avogtilvaklande steg
over frostprega jord

dette er eit stille forrom
før den hastige våren
og ein sommar
av likegyldige songar

det er blanke dagar
for auga som svevar
over sjøen i sjela


lørdag 23. januar 2016

Kort besøk (Ode til vinteren)



1
du kom fykande
i den stilleståande vinden

kraup under bakken
røta deg i frossen mark

steig opp gjennom graset
dekka verda med ditt sukk

eit lite sekund av æva
stod tida heilt heilt stille




2
du drog med seige steg
føter som slepa over marka

sakte trekte du deg attende;
eg stod undrande att

ynskte å be deg bli
men orda smuldra til støv





3
så venta eg i ørkensanden
let vengjene teste lufta

medan sola steig i aust og
gjekk ned i vest – i rullande rytme

dette er ei ventetid, seier eg
kviskrande til mitt eige hjarte

for vissa om deg er endå
eit stilleståande sekund – du kjem att

du må
kome
att…