Viser innlegg med etiketten lukke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lukke. Vis alle innlegg

tirsdag 3. november 2020

Noko nytt

prøve noko nytt, kanskje
vere glad
for regnet og vinden
prøve det slitte blikket
i møte med det skumle;
vere glad
i lynet og stormen
omfamne steinras og flodbølgjer

gå på nye stiar, kanskje
smile lukkeleg
mot opne sår
og la vere å plastre skrammer
og stikk
prøve dette nye i det gamle,
måle alt opp mot hjartet
og våge vere lukkeleg
trass alt


mandag 15. juni 2020

Eit lukkeleg liv

så var det kaptein smile-bill
- ein pirat
ingen no har kjennskap til

han arva eit skip
og ei kiste med gull 
gøymt i byssa

denne vart brukt
med måtehalds vit, 
medan sjømannen
verdshava kryssa

voggande bølgjer
utanfor alle konfliktar --

den dagen han gjekk 
           over ripa
på siste ferd
var kista tom
- brukt til å koste eit lukkeleg liv

ingen kart låg att
til jegerar
med nase for skatt -

--

velsigna smile-bill, sa folk
om han berre hadde fått 
fred for svikarars dolk
var det slik      det ville gått -




fredag 18. august 2017

Kanskje fugl




kanskje kunne eg vere ein fugl
tenkjer eg
spring gjennom skogar landskap
der eg er kjent fri levande pustande
lukkeleg
ja
lukkeleg i meg sjølv
svevar gjennom denne verda som er mi
heile vegen
til deg


torsdag 21. august 2014

Lukta av haust


eg likar lukta
av ein gryande haust

morgonar som vert litt meir klare
etter stadig kjøligare kveldar

lyset som trekkjer seg tilbake
under filter og slør, endrar fasong og humør

let seg fange av vindane, skyene
glir stille ned mellom fjella og fjorden

og dansar sine tause dansar
til ein musikk berre lyset kan høyre

eg likar lukta
av kommande vinter

tre som skjelv i møte med sin undergang
og innbyr til fargesprakande avskjedsfest

held fast i siste pusten,
nektar sleppe taket før dei må -

og eg traskar i eit levande landskap,
eit higande, lengtande landskap

med raslande lauv under skoa
og ei visse om stilla som kjem


(Torsdagstema)

torsdag 12. juni 2014

Så skjør, så vakker



tenk på dette skjøre
dette vakre
som møter verda
kvar einaste dag,
dette underfundige
og mystiske
som vi ikkje klarar forstå,
men som vi likefullt
kan la skylle over oss
som gleder, som lukke
som sjølve framtida
personifisert
i dette skjøre
som lukkar fingrane
i handa di
og dreg bort sløret
mellom deg
og ditt eige hjarte


tirsdag 10. juni 2014

Prompepute



lukkeleg den
som har ei prompepute
og eit lager
med fnis og glimt
og lureri
som berre ventar på
å bli slepte fri!

ikkje fullt så lukkeleg
er den
som har bortreiste vener
med låst ytterdør
og ikkje har
fått lure
ei einaste
sjel –

mandag 5. mai 2014

Eit pusterom er gleda



1
som små øyer er gleda,
små flak av lukke
spreidd i geografien
foredla gjennom dagar
av auge i striregn
og trugande vindar frå ope hav

som små øyer er gleda
somme tider kan du stige i land
og puste ut føre neste seilas




2
det nye livet
kor eg lengtar etter det nye livet –
at såra skal gro
at graset skal gro
at lukka skal gro
at lyset skal strøyme over alle murar
og alle blomar skal sprette
og kjærleiken skal lande
som ein sommarfugl
på handa mi





3
nærare enn min eigen pust
mitt eige hjarte, min eigen lengt
er blikket ditt, smilet ditt

det har brent seg fast
blitt ein del av meg
som aldri kan rivne

det har blitt kleda eg går med
lufta eg pustar
identiteten eg viser til verda

og smiler du også i dag
vil murane falle, endå ein gong
så vegen frå mitt hjarte til ditt ligg open