tirsdag 10. november 2020
Vern flammen
vakt den for vind og storm og regn
gje brensel, gje luft, gje varme!
til flammen som brenn i hjartet
løft den opp
set den høgt
la den skine i auga!
men vakt deg for vinternattssnøfallet
som i alle mørke timar
trugar med kvelande omsorg
for dette fargerike det ikkje kan tole
-
ikkje la deg bøye, ikkje la deg dytte ut
men hald rundt den vesle flammen
så han ikkje sloknar
lørdag 7. november 2020
Dei andre
nokon som kjem
imot
i mørket
med frontlykter mot hjartet ditt
som eit siste håp
anten det å miste alt og gå under
eller satse på ny
og det er ikkje noko val,
for hjartet kjem ikkje aleine
det bur så mange der inne
og alle må reddast, alle må
få vekse
kjenne varmen frå lys
som har anna å tilby
enn hylet frå fallande død
fredag 30. oktober 2020
Flytteklar
huset skal rase
grunnmuren smuldre bort
urskogen ta over arealet
gro nye tre til nye plankar
rom for rom dett saman
trass solide konstruksjonar,
her slepp ingenting unna
tida et seg gjennom alle hindringar
det er ingenting gale med arkitekturen
eller korleis huset er reist
det er enkel termodynamikk
og tyngdekraft
dagen vil komme, eg veit ikkje når
og ingenting får eg ta med
når eg flyttar ut
og vekk
fredag 16. oktober 2020
Kodearm
i mørket veks frøet til eit tre,
strekkjer sine tynne trådar gjennom molda
lenge før me kan sjå teikn til liv i lyset
så sprekk skalet, og det som lever
trengjer ut og leitar seg fram
til ein stad det kan puste inn og ut
og få næring til alt dette som skal svaie i vinden
etter sin eigen plan
gøymd i frøet
det er sjølve livet som vaknar,
sjølve det som gjer at verda er som ho er
og at ingen av oss, endå
har gløymt korleis fargen grøn ser ut
og frøet murrar fornøgd i draumen
om alt det som snart skal skje
om det berre finn jord og vatn
og får vekse sine koda armar
i fred
fredag 28. august 2020
Eksistens er endring
onsdag 17. juni 2020
I byen
om du vert sett, om tida er knapp
og går gjennom byens gater med stil
eit svinsande sus i kvart hjarteklapp;
smiler ditt innfule smil for kvar mil
og klatrar med andre sin lengsel som trapp
då smeltar de saman; til tonar og notar; ein sang
som asfalt, som murpuss, som klokkerein klingande klang
mandag 15. juni 2020
Eit lukkeleg liv
- ein pirat
ingen no har kjennskap til
han arva eit skip
og ei kiste med gull
gøymt i byssa
denne vart brukt
med måtehalds vit,
medan sjømannen
verdshava kryssa
voggande bølgjer
utanfor alle konfliktar --
den dagen han gjekk
over ripa
på siste ferd
var kista tom
- brukt til å koste eit lukkeleg liv
ingen kart låg att
til jegerar
med nase for skatt -
--
velsigna smile-bill, sa folk
om han berre hadde fått
fred for svikarars dolk
var det slik det ville gått -
onsdag 3. juni 2020
Alt ein dag
alt, ja det meste
kan smuldrast og sleppast
som støv
alt i ein time
alt, sjølv det tome
må leggjast og løyvast
til ro
sjølv skal eg fare
sjølv, alt må fire
nedover mørket i marka
som mold
alt har eg vunne
alt, vil eg vinne
ein sigerskrans, sjeledans
oppstodeglans
tirsdag 5. mai 2020
I ein tråd
så lenge havet har slipt steinar glatte
så lenge sola
har gitt varme til dei skjøre stenglane
under løvetannmanken
og eg
som ikkje klarar å ta unna all stilla,
skyflar og skyflar
og så kjem det rennande meir
ein vegg av bølgjer og sollys og stille
byggjer seg opp langs horisonten
trengjer verda saman - pressar alt innover
til alt vert kjerne, alt vert sentrum
i eit liv som endå heng i ein tråd
endå
har noko å rope
tilbake
tirsdag 24. mars 2020
Frk Thå ryddar etter seg
den eine foten
la den på nedste hylla
i garderobeskapet
i hylla over
la ho den andre foten
så fulgte armane,
ei hylle til kvar
til sist la ho torsoen på nest øvste hylla
og hovudet heilt oppe
lett gløtta ho på auga,
let dei gli over rommet
før ho lukka døra
og seg sjølv inne
i mørket
onsdag 18. mars 2020
Alt me har
fortel om ein kveld i emning,
ei natt som kjem
frå mørket i gata utanfor
kan me stirre inn
i dei opplyste romma
sjå alt som er vårt
plassert mellom veggane,
ei samling av kulissar
dette er vårt teater
her kan me flyte fritt
og improvisere replikkar --
lysa er på
og me ser inn - så merkeleg det er!
å stå her og smile
hendene om kvarandre
kropp mot kropp, saman
er det einaste me har og vil ha
