Viser innlegg med etiketten rydde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rydde. Vis alle innlegg

tirsdag 24. mars 2020

Frk Thå ryddar etter seg

sakte tok ho av seg
den eine foten

la den på nedste hylla
i garderobeskapet

i hylla over
la ho den andre foten

så fulgte armane,
ei hylle til kvar

til sist la ho torsoen på nest øvste hylla
og hovudet heilt oppe

lett gløtta ho på auga,
let dei gli over rommet

før ho lukka døra
og seg sjølv inne
i mørket