Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jakt. Vis alle innlegg

torsdag 29. oktober 2020

Jakt

noko svevar rundt i rommet

og me ser lyset reflektert

som små glimt

når sveva kjem i riktig vinkel


mellom auga og vindauga

går det tynne bruer,

som landingsbaner ingen brukar

og oppdraget er overlag vanskeleg;


her svevar kjærleiken rundt

ventar på å bli hanka inn

og alt me har til hjelp

er ein sliten håv

 

lørdag 24. oktober 2020

Når vinteren skal sikrast

tunge fottrinn på mjuk mose

ein støvel, ein til 

og jegeren med vaktsame auge

mot skogkanten


vinden er imot, verda er stille

som like etter ein storm

eller like før

ein eksplosjon i miniatyr


metall mot kjøtt, blod mot snø

sveitte, frostrøyk og stive musklar

når byttet skal i hus


livets omskiftelege varme

er aldri så tydeleg som her



tirsdag 17. mars 2020

Den blå skogen

lufta kan vere eit hav
sollys som spreidde strålar i det blå

fisken spring med skremte blikk
inn i lauvskogen

her er ein jeger
ei gjedde med gevær
og stålblikk,
støvlar som står stille
på kanten av myra

kikkertauge i natta
stille svømmetak
ut på dei store djupa
og inn i mørket

her er så stille -

tidevatnet vert sila gjennom trea,
dreg dei att og fram
i ei svaiande rørsle

jegeren set seg ned på ein stein,
dreg inn fersk oksygen i gjellene
og avsikrar geværet

ein hjort kjem glidande fram
frå lauvverket


fredag 31. januar 2020

Kjære tiger

kjære tigerjente

dette skriv eg
frå djupet av ditt hjarte

ver grei no
slepp meg fri, det er lov
å angre

det er lov
å la antilopebeina fly
frie, dansande, syngande
over savannen

utan å ta opp jakta
kvar gong


onsdag 7. februar 2018

Jeger jeger




det er ei stille banking rett under huda, fingeren på avtrekkaren, løpet retta mot dyret i skogkanten, auget i siktet, skogen ligg stille, berre ei stille blafring i dei siste lauva – dei som vart gløymt av hausten og oversett av vinteren, dei einslege, einsame siste

auget dirrar ørlite, huda rundt kviler mjukt mot kikkertsiktet, fingeren er krumma om den siste skiljelinja mellom liv og død – her ligg makta i verda, i valet mellom dei ørsmå nervesignala frå hjernen, anten stramme, trekkje, la døden flyte som ei elv over marka og inn i det framande livet, eller slappe av, la fingeren bli retta ut – kjenne livet i eigne årer renne rundt i dei tynne motorvegane frå hjartet

der startar livet, der sluttar det, alt som ligg mellom er midlertidige resonnement –

så er dei to i denne stunda, eller tre – jegeren som ventar, jegeren som ikkje veit og hjartet, som så ofte går sine eigne vegar og må styrast inn dit der det naturlege livet lever – kanskje er det i denne stunda at livet er mest verkeleg, og om jegeren let løpet falle og ser den framande kroppen tusle inn i den store skogen – som om ingenting stod på spel – vil sjølve livet endre farge

det er dette det handlar, det å vere menneske – det er vala som avgjer kven vi er –



torsdag 7. mai 2015

Jeger



eg er ein jeger
med eksklusive mål

eg jaktar berre det
som ikkje lar seg fange:

kjærleik og fridom
og poesi