me sørgjer
men ikkje utan håp,
ikkje utan ein stråle av lys
over den fjerne horisonten
lyset leier veg
gjennom dødsskuggedalen
og over den siste elva,
heilt inn i vårt sanne heimland
-
Jesus gjekk først
me kjem etter,
i dette kviler vårt håp,
i dette kan me bygge
eit liv
Viser innlegg med etiketten påskedag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påskedag. Vis alle innlegg
søndag 12. april 2020
søndag 1. april 2018
Den tomme krossen
eg
snur kikkerten andre vegen
ser
bakover i tida
mot
horisontane vi passerte –
kor
mykje lettare det er å sjå
vegen og samanhengen
denne
vegen
i
lyset frå solstrålane
som
streifar den tomme gravveggen
skimtar
eg skuggen av ein kross
det
er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller
den svarte sorga
som
fyller hjartet
denne
vegen, bakover
ser
eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger
tirsdag 11. april 2017
Lyset i mørket
i
mørket pulserar
eit
lys
like
under overflata
av
det synlege
ein
dag
om
ikkje lenge
vil
det skine gjennom
bryte
ut
knuse
mørket
i
tusen vikande fragment
fylle
natta med nye lydar
nye
songar
skine
trea grøne, havet blått
og
lengten raud
som kjærleiksøndag 5. april 2015
lørdag 4. april 2015
Påske
1
blomane
trengjer gjennom
ei
frostkald jord
ristar
av seg sorga og døden,
strekk
seg mot det strålande lyset
og
påskemorgonsongen
siv
ut frå kvar pore i blada
2
som
eit fyrlys i tåka
eit
skilt på vegen,
eit
minnesmerke
over
noko som er –
kyrkjespiret
står der og peikar
som
ein bombastisk proklamasjon:
Han vann
og du kan vinne!
3
dette
er ventetida
mellom
korset og den opne grava
eg
har eit stille hjarte
det kviler i sitt tause mørker;
snart
renn dagen, og steinen
vert
velta frå hjartedøra –
Abonner på:
Innlegg (Atom)