Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg

søndag 12. april 2020

Håp gjennom døden

me sørgjer
men ikkje utan håp,
ikkje utan ein stråle av lys
over den fjerne horisonten

lyset leier veg
gjennom dødsskuggedalen
og over den siste elva,
heilt inn i vårt sanne heimland

-

Jesus gjekk først
me kjem etter,
i dette kviler vårt håp,
i dette kan me bygge 
eit liv


fredag 10. april 2020

Inn i mørket

eg er edmund
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene

du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender

til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava

i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,

men du ser
og det er nok 
for meg


torsdag 9. april 2020

Etter andre gong

berre knitringa frå bålet,
dei tunge flammane
på innsida av ditt eige hovud
passa til den store stilla
som fylte deg

alle lydar forsvann
kapsla deg inn i ein kuppel
alle lydar forsvann
etter andre hanegal

heile du forsvann
inn i denne glassklare stilla
du visste ville vere ditt fengsel
frå no av



tirsdag 7. april 2020

Endring på veg

lyden av piskeslag
er endå berre eit sus i vinden

synet av blod mot brustein
er ei hildring, eit glimt
frå tider som kjem

smaken av vin og brød
skal aldri meir bli den same
men ikkje no, ikkje endå

kjensla av frost gjennom marg og bein
som ei einsemd, ei smerte
som ikkje kan lindrast
er endå bakom horisonten

men me kan sjå det kome,
i blikka, i stemmene, i kjensla av noko framand
i byen

lukta av ein ny vår, 
spirer som snart trengjer gjennom molda
i ein fødsel som endå
er usynleg for både auge, hjarte og lengt

eit sus i vinden, ein lyd
langt bortanfrå -
noko som kjem

og vil endre alt


mandag 6. april 2020

Tilbake til vegen

eg veit om så mange vegar
som ikkje lenger har nokon retning

dei berre er der, går ut i eit namnlaust felt
i ein framand dimensjon

og alle som før visste kor vegen førte
har no mista målet

som ei tåkesky kjem sigande ut
frå den mørke underskogen

dekkjer landskapet - alt vert kvitt
og samtlege kart me har spart opp, er ubrukelege -

det er no me leitar etter gulltrådar, riskorn
brødsmular, steinar   --    noko
som kan leie oss tilbake dit me gjekk feil
og inn på ein veg som fører fram

ein veg som ikkje fører ut i natta
men inn i lyset


søndag 5. april 2020

Den nye kongen

det er den nakne sjela
du treff
med orda dine

blikket ditt
som eit omvendt svepeslag;
eg kjenner noko vert reparert
sår som gror
skorper som dekkjer over
lækjande straumar
og gyldne glimt

så kjem du inn i livet mitt,
ein solvarm bris
innover dei frostaude slettene
innanfor sjela

alt fyller du
med friske fargar
og strålande lys,
gjer meg til noko anna, noko meir
enn det eg var

og eg helsar deg velkomen,
du, etterlengta Konge
som no ryddar opp
i mi styrelause einsemd


søndag 1. april 2018

Den tomme krossen


eg snur kikkerten andre vegen
ser bakover i tida
mot horisontane vi passerte –

kor mykje lettare det er å sjå
            vegen og samanhengen
denne vegen

i lyset frå solstrålane
som streifar den tomme gravveggen
skimtar eg skuggen av ein kross

det er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller den svarte sorga
som fyller hjartet

denne vegen, bakover
ser eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger


mandag 6. april 2015

Pasjon #12



noko fell mot djupet
eit ord –

eit anker gjennom vatnet
har med seg lyset
håpet

ankrar oss fast til horisonten
strålar med gullglim
gjennom isen, snøen
kulda

smeltar alt, lyfter oss
med sine alletingberande armar –



Pasjon #11



korset fell som ei bru
over avgrunn og død

grava vert som ein port
ut mot grønare enger

såra i sida - vår trojanske hest
inn til dei himmelske rika



søndag 5. april 2015

Påskedagslyset



påskedagslyset skin endå
som lyspunkt i det fjerne

leier livspilotane inn
mot ei trygg landingsbane



Pasjon #10




i morgontimen strålar lyset
fell som eit teppe over hjarta


fyller opp dei tomme sidene
bles ut dei mørke skuggane

rullar inn som lovsong - let oss sjå
eit rike bygd av kjærleik!



lørdag 4. april 2015

Pasjon #9






skyene har sine tankar
molda kviskrar sine ord

mellom desse heng ein mann,
eit ord som reinsande vatn

men skyene gav han ikkje,
og molda tek han ikkje imot -



Pasjon #8



kongen går fram utan krone,
narren syng songar om krig

kongen legg av seg si kappe,
narren stig opp på sin hest

kongen ofrar sitt hjarte,
narren forskansar si borg



Påske



1
blomane trengjer gjennom
ei frostkald jord

ristar av seg sorga og døden,
strekk seg mot det strålande lyset

og påskemorgonsongen
siv ut frå kvar pore i blada




2
som eit fyrlys i tåka
eit skilt på vegen,

eit minnesmerke
over noko som er –

kyrkjespiret står der og peikar
som ein bombastisk proklamasjon:

Han vann
og du kan vinne!





3
dette er ventetida
mellom korset og den opne grava

eg har eit stille hjarte
det kviler i sitt tause mørker;

snart renn dagen, og steinen
vert velta frå hjartedøra –