eg er edmund
med bøygd nakke
og ei erkjenning av skuld
som ei bør tyngre enn verda
på skuldrene
du er aslan
den stolte, store
som med opne auge møter mørket
og let deg senke
av svakare hender
til slutt er det du
som vil stige opp i strålelyset
og løfte meg med deg
ut av grava
i mørket er det vanskeleg
å sjå det komande lyset,
men du ser
og det er nok
for meg
Viser innlegg med etiketten Langfredag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Langfredag. Vis alle innlegg
fredag 10. april 2020
fredag 25. mars 2016
Skjult lys
fredag 3. april 2015
Pasjon #7
det er tause skyer
over rettarstaden,
inga kviskring kan høyrast
frå blomar og gras,
suset i trea er stilna
og alle munnar lukka
for alt vert stille
i det sjølve livskjelda
andar ut og svinn som vatn under sola,
og sjølve skaparen
av skyer, gras og tre
trekk siste pusten
og ikkje meir -
det er tause stjerner
over rettarstaden,
universet skjelv
i eit altomfattande kuldegys
og kjenner vekta
av si skuld
kvilande på ytterkanten
av ei undring,
ei visse om endring
at noko større, noko ukjent
må hende
for ingen kan overvinne
sjølve skaparen -
fredag 18. april 2014
Gud går forbi
1
Eg høyrer
den ståkande hopen
som larmar
forbi gjennom gatene
Kva er det
dei seier? Kva er det dei ropar?
Høyr, de
som går med blikket i bakken, med føter så tunge som stein
Høyr mine
ord, opne opp blikket. Ver stille, ver stille og lytt
Ein
forbrytar går no gjennom gata
Ein
forbrytar som subbar, sakte, under børa av eit tre
2
Og det
raude på bakken? Kan du sjå kor det glimrar?
Friske
flekkar av blod, dråpe for dråpe
Eit spor
viser vegen, frå dom og til død
Bak kjem
menneska trakkande i flokk, som sauer,
og trakkar
blodet utover,
smør det
utover steinar og støv
og sandalar
vert merka
av blodet
3
Nokon
ropar, er sinte, andre ropar, av sorg
Lufta er
full – av ord
Hysj! Lytt!
Det er noko som ikkje vert sagt!
Det er
ordet som ingen vil seie,
det er
ordet som svir over tunga
uskuldig--
Uskuldig?
Etter auga som ser, etter øyra som øyrer, etter tankar som svevar
som bier
frå blom
til blom, i ein hage av villniss og blomar og tre
Ein hage,
ukjent og vill, skjult for avgrensa menneskesinn
4
Uskuldig…
Vel, det er domen som tel, og domen seier: Dø!
(Eg spør:
var det Pilatus, som klubba det gjennom?
Var det
Pilatus, keisarens mann, som sa: Du må dø, som forbrytar, di skuld er
erkjent, di
straff må du sone, dine gjerningar vitnar imot deg?)
Eg spør
sjølv om
svaret er gitt
som eit
stille rop
ei smerte
som dirrar i lufta
5
Det er
blodet, ja blodet –
på bakken,
det glitrar og lyser og ropar:
Skuldig! Du er skuldig! Du skal dø! Du skal
Du skal Du skal DØ!
Viss ikkje…
Viss ikkje
kva? Fullfør din dom, ikkje tei ikkje stopp ikkje drep alt mitt håp ikkje fyll
opp mitt hjarte med mørke!
Sjå, seier blodet, følg
våre spor
Heilt fram
Gå dråpe for dråpe, gå steg for steg, ikkje stopp før ved enden
Kva ser du der?
Vegen er
tung, men eg går
og
6
lyftar
blikket, frå dråpane, smertesporet
som ein
kårde tvers gjennom hjartet
Oppover,
ja, oppover frå støvet
Oppover
treverk og fliser
To føter,
gjennombora, ein nagl
Eit kne,
blodstriper renn som ei elv
Ein kropp,
som ristar av smerte, ristar og vrir seg og skjelv,
Eit ansikt,
knust og forslått, blodstenka rått og brutalt
Skjelvande
lepper som kviskrar ei bøn
7
Og auga…
Hans blikk
møter mitt, og eg ser allting klart
Som ein ørn
som vert lyfta av vinden
Skuldig,
uskuldig, mitt blod og hans
Eg trudde
eg fylte ein dødsdømt til grava,
ein skuldig
(uskuldig? For kva veit vel eg?) og dømt. Bannlyst av verda.
Ein
fredlaus, snart støv under molda
8
Og eg ser
med auge og
hjarte og sjel:
Blodet sin
veg gjennom gater i byen, ein leietråd, eit spor eg fekk fylje
heilt fram
til rettarstaden
Min
rettarstad. Ja, min!
I auga hans
ser eg kor alt er snudd om. Det var min
veg han gjekk --
No, seier
auga, som lyser frå korset, har eg gått vegen for deg.
Frå no av
skal du fylje spora,
og alltid
gå tett etter meg.
9
Eg seier
igjen:
Høyr, de
som går med blikket i bakken, med føter så tunge som stein
Høyr mine
ord, opne opp blikket. Ver stille, ver stille og lytt
Det var Gud
som gjekk gjennom gata
Det var Gud
som subba så sakte, under børa av eit tre
Det var Gud
som merkte dine føter med blod
Du er fri,
Gud går for evig forbi!
Etiketter:
død,
Fridom,
Jesus,
Langfredag,
påske
fredag 29. mars 2013
Ryggen til
Han snur ryggen til eigne tankar
og eigne kjensler og eigne ynskjer
Han går på ein veg
aldri meint for han å gå
med tunge steg
og blødande hjarte under dei mørke
skyene
ei redsle som dunkar og brenn
i randsona av det bevisste
Denne vegen har ingen gått før
og ingen andre kan gå den
Han er aleine, og veit det
han gjer no kan aldri gjerast om
Difor snur han ryggen til
seg sjølv,
og gjer sin Fars vilje
og eigne kjensler og eigne ynskjer
Han går på ein veg
aldri meint for han å gå
med tunge steg
og blødande hjarte under dei mørke
skyene
ei redsle som dunkar og brenn
i randsona av det bevisste
Denne vegen har ingen gått før
og ingen andre kan gå den
Han er aleine, og veit det
han gjer no kan aldri gjerast om
Difor snur han ryggen til
seg sjølv,
og gjer sin Fars vilje
Etiketter:
Jesus,
kors,
Langfredag,
påske,
vilje
Abonner på:
Innlegg (Atom)