Viser innlegg med etiketten vilje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vilje. Vis alle innlegg

torsdag 22. oktober 2020

Det du ville du skulle ville

du trudde at du lengta

etter noko å lengte etter

som ein dans inni ein dans

eller å synge om ein sang

frå eit hjarte for eit hjarte i eit hjarte

utan å vite at det du vil

er noko heilt anna


du vil synke stille inn

i andre armar, senke hjarterytmen

koordinert med ein større vilje

leggje av børa du ber

og berre vere den du ville vere

viss du var den du er


lørdag 13. februar 2016

Lyset



tvers gjennom sjela mi
går det ein egg,
eit skilje mellom lys
og mørke
og eg har sterke bindingar
til begge sider




under bleike stjerner
kjenner eg den skarpe smerta,
det å vere bunden
til mørket i meg, det djupe
som freistar å dra meg under;
eit eg som eit blylodd
over det gode





strålane – frå andre sida
trengjer stadig gjennom,
held meg oppe, held meg fast
til dette trygge, faste
som ikkje er mitt eige
men likevel meir meg enn noko anna;
det som skapar og formar meg
til den eg var meint å vere




fredag 29. mars 2013

Ryggen til



Han snur ryggen til eigne tankar
og eigne kjensler og eigne ynskjer
Han går på ein veg
aldri meint for han å gå
med tunge steg
og blødande hjarte under dei mørke
skyene

ei redsle som dunkar og brenn
i randsona av det bevisste

Denne vegen har ingen gått før
og ingen andre kan gå den 
Han er aleine, og veit det
han gjer no kan aldri gjerast om

Difor snur han ryggen til
seg sjølv,
og gjer sin Fars vilje