tvers gjennom sjela mi
går det ein egg,
eit skilje mellom lys
og mørke
og eg har sterke bindingar
til begge sider
under bleike stjerner
kjenner eg den skarpe smerta,
det å vere bunden
til mørket i meg, det djupe
som freistar å dra meg under;
eit eg som eit blylodd
over det gode
strålane – frå andre sida
trengjer stadig gjennom,
held meg oppe, held meg fast
til dette trygge, faste
som ikkje er mitt eige
men likevel meir meg enn noko anna;
det som skapar og formar meg
til den eg var meint å vere
Stunning pictures :)
SvarSlettSterkt!
SvarSlettLys og mørke..
Viss ein ikkje hadde kjent på mørkret hadde ein ikkje sett så pris på lyset.
God helg!
Very beautiful photos! We don't normally see icicles like these in Ireland, so I love your captured light.
SvarSlett