Viser innlegg med etiketten sansar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sansar. Vis alle innlegg

mandag 28. september 2020

Retrografi

det ligg så mange bilete att

i grøftekantane langs vegen eg har gått;

 

bilete av føter i grus

naser i iskald vinterluft

              iskrystallar på eit vindauge

lukta av solstrålar gjennom flekkete glas


stemmer i eit anna rom           latter, rop

vaskemaskina snurrar på siste runde


lydar eg kan kjenne att

sjølv 30 år etterpå


ein smak det går an å sjå for seg

som eit levande insekt på vandring

over stovegolvet


heile fotoalbumet

strøydd utover

og ingen vil nokosinne plukke det opp



onsdag 20. mai 2020

Ikkje-val

ikkje alt kan du velje, 
men noko kan du sjå, eller ville sjå
om du vil

som å vilje få det store glimtet
du alltid søker etter
om du søker litt til

der det er mogleg å søke, vere søkande
etter glimtet av eit glimt,
eit lys over andre lys 

gå dei vegane som fører dit
og sjølv vere eit glimt i andre sine auge

velje det du vel
med omhu -- ikkje late som du er mett
før natta er så svart
at du berre har ein sans att

nei, du kan ikkje velje alt
men du kan vere og du kan gå
og du kan velje å velje
ein gong til



tirsdag 7. april 2020

Endring på veg

lyden av piskeslag
er endå berre eit sus i vinden

synet av blod mot brustein
er ei hildring, eit glimt
frå tider som kjem

smaken av vin og brød
skal aldri meir bli den same
men ikkje no, ikkje endå

kjensla av frost gjennom marg og bein
som ei einsemd, ei smerte
som ikkje kan lindrast
er endå bakom horisonten

men me kan sjå det kome,
i blikka, i stemmene, i kjensla av noko framand
i byen

lukta av ein ny vår, 
spirer som snart trengjer gjennom molda
i ein fødsel som endå
er usynleg for både auge, hjarte og lengt

eit sus i vinden, ein lyd
langt bortanfrå -
noko som kjem

og vil endre alt


fredag 14. september 2018

Pianisten




du spelar ein melodi
mot hjarteveggen min

klubbene som hamrar
mot utstrekte strengjer

klangen fyller rommet
under taket, vert ein open katedral

vert eit lydspor for alt
eg ser og opplever – etter dette




søndag 24. august 2014

sense




#dotter

I dag har far og dotter vore på sykkeltur på fjellet. Ei fantasifull reise i storslegen natur! Dette er ein dag eg vil hugse, og eg håpar den sit att som eit positivt minne hos femåringen. Viss nokon skulle lure på kvar dette er, er bileta tekne ved Oddatjønndammen på Blåsjø. 


(Haiku horizons, Helgbilden)