Viser innlegg med etiketten sykkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykkel. Vis alle innlegg

søndag 9. november 2014

søndag 24. august 2014

sense




#dotter

I dag har far og dotter vore på sykkeltur på fjellet. Ei fantasifull reise i storslegen natur! Dette er ein dag eg vil hugse, og eg håpar den sit att som eit positivt minne hos femåringen. Viss nokon skulle lure på kvar dette er, er bileta tekne ved Oddatjønndammen på Blåsjø. 


(Haiku horizons, Helgbilden)

mandag 10. februar 2014

Hjulet




Det var i Donald eg såg det
første gongen,
ein genial ide – på papiret;
Firkanta, trekanta, ovale
hjul…
i alle fasongar, i alle former,
men ingen verka så godt
som det runde –

Skal tru kva dei tenkte,
menneska som først tok i bruk
hjulet –

Ein ting er i alle fall sikkert;
Eg kjenner mange som er glade
for runde hjul og syklar og trøer
og all den farten ein kan lage
utav to små sirklar!