Det var i Donald
eg såg det
første gongen,
ein genial ide –
på papiret;
Firkanta,
trekanta, ovale
hjul…
i alle fasongar,
i alle former,
men ingen verka
så godt
som det runde –
Skal tru kva dei
tenkte,
menneska som
først tok i bruk
hjulet –
Ein ting er i
alle fall sikkert;
Eg kjenner mange
som er glade
for runde hjul og
syklar og trøer
og all den farten
ein kan lage
utav to små
sirklar!