eg veit om så mange vegar
som ikkje lenger har nokon retning
dei berre er der, går ut i eit namnlaust felt
i ein framand dimensjon
og alle som før visste kor vegen førte
har no mista målet
som ei tåkesky kjem sigande ut
frå den mørke underskogen
dekkjer landskapet - alt vert kvitt
og samtlege kart me har spart opp, er ubrukelege -
det er no me leitar etter gulltrådar, riskorn
brødsmular, steinar -- noko
som kan leie oss tilbake dit me gjekk feil
og inn på ein veg som fører fram
ein veg som ikkje fører ut i natta
men inn i lyset
Viser innlegg med etiketten kart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kart. Vis alle innlegg
mandag 6. april 2020
fredag 4. desember 2015
Vinterkart
finne
vegen i eit anna landskap;
vere
den som har overblikket
utanfrå, i perspektiv
- trasse
vindar, trasse kulde
trasse
motet som sviktar
i
stilleståande mørke,
med
ei visse om vegar mot natta –
likevel
finne vegen
i dette
landskapet
kjenne
røtene strekke seg
djupare
enn auga rekk
torsdag 24. april 2014
Reise til #5
eg
leitar med lupe
over
kartet, prøvar finne
staden
der livet mitt snudde
frå
barnleg naivitet
til
kald kynisme –
ser
alle svingar og høgdekurver,
ser
alle stader der vegane mine kryssar
juv
og steile fjellveggar, ras og flaumar,
ser
kor kartet krøllar seg –
-
eg klarar ikkje finne staden,
men
ser at der endå er store kvite felt
eg
kan styre vegane inn på,
stadar
der eg … kanskje –
kan
finne reparasjon
for
mine knuste draumar
Abonner på:
Innlegg (Atom)