eg
snur kikkerten andre vegen
ser
bakover i tida
mot
horisontane vi passerte –
kor
mykje lettare det er å sjå
vegen og samanhengen
denne
vegen
i
lyset frå solstrålane
som
streifar den tomme gravveggen
skimtar
eg skuggen av ein kross
det
er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller
den svarte sorga
som
fyller hjartet
denne
vegen, bakover
ser
eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar