Viser innlegg med etiketten tru. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tru. Vis alle innlegg

torsdag 9. november 2023

Kanskje

det kan absolutt skje

at eg går inn feil dør, hamnar utanfor

der eg skulle vore innanfor

på eit anna plan, som ein prikk mot horisonten

langt vekke


det kan skje

at ingen vil oppdage at eg ikkje er der lenger

for orda er så svake, omrisset av den eg var

dekkjer ikkje lenger kroppen


det kan skje

at eg berre fell og fell, som eit lauv i haustvinden

men landar mjukt mot bakken, mjukt mot molda

mjukt i hender som tek meg i mot -


det kan absolutt skje

at feil dør viser seg å vere riktig dør

og utanfor er det same som innanfor - i dette tilfellet,

og om ingen ser meg

er det likevel Ein som fangar meg inn i


og kanskje er det alt som skal til


mandag 10. august 2020

Håpet rundt hjartet

håpet krystalliserer seg
først som ein dråpe, stadig seigare
frå sjela sine ytste greiner

fell mot bakken
som ein utstrekt tråd, frå eit nullpunkt
og inn i dette som vert stadig fastare

og lag på lag
vert den tynne tråden snurra rundt hjartet
til det ligg innkapsla og trygt

fordi ein ikkje lenger berre trur
men har funne visse
om håpet sitt endå ukjente utgangspunkt


søndag 19. januar 2020

Håp





tanken om elva
kviler i sjølve elva, 
der draumen om elva oppstod
lenger oppe i dalen

ein gong gjekk du uti straumen
vatnet er blitt ditt liv

tanken om havet
kviler i hjartet av elva,
dit du går på dei svarte dagane
eller når frykta for straumen
grip deg

tanken om møtet mellom elv og hav
kviler i hjartet på mennesket i elva,
er som ei sikringsline
over avgrunnen,
ein tanke som kan lyfte og varme
under vinterisen på overflata

tanken om det som kjem, når elv og menneske møter hav
kviler der hjartet i mennesket er kapsla inn
i desse tynne silketrådane
som sikringslina er spunne av
og kapslar inn det varme, det trygge

let det kvile i seg sjølv
midt i straumen midt i elva
der mennesket drøymer om eit hav
og dei kallar det
håp


søndag 1. april 2018

Den tomme krossen


eg snur kikkerten andre vegen
ser bakover i tida
mot horisontane vi passerte –

kor mykje lettare det er å sjå
            vegen og samanhengen
denne vegen

i lyset frå solstrålane
som streifar den tomme gravveggen
skimtar eg skuggen av ein kross

det er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller den svarte sorga
som fyller hjartet

denne vegen, bakover
ser eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger


mandag 15. januar 2018

Ordet til oss



det inkarnerte ordet
viste oss skrifta
med kjøtt og blod

eit ord for kjærleik
i varme blikk, milde tonar
til den som er i sorg

eit ord for nåde
i ei utstrekt hand – reis deg!
børa di er borte

eit ord for soning
i kroppen som dør,
ordet som byggjer bru

ein grunn å stå på

og mennesket vart ord
og vandra gjennom tidene – til oss;
eit glimt av ei større rettferd for verda –


fredag 10. november 2017

Det veldige kanskje



det ukjente, store
som ligg og ventar – der framme
om du finn vegen
gjennom labyrinten

eit mål som glitrar og lokkar
vinkar deg nærare
endå du ikkje ser det, høyrer det
eller veit noko om det

dette veldige kanskje
dette – slottet – på andre sida
der tankane kan finne kvile
for frykta

ein dag legg du båten til kai
dreg inn årene
kjenner kjølen skrape mot tang og skjel
og varmen trengje gjennom frosne klede

og du kjenner deg att;
dette kanskje har du bore
som ein skatt i hjartet
heile vegen til enden av labyrinten