Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg

mandag 15. januar 2018

Ordet til oss



det inkarnerte ordet
viste oss skrifta
med kjøtt og blod

eit ord for kjærleik
i varme blikk, milde tonar
til den som er i sorg

eit ord for nåde
i ei utstrekt hand – reis deg!
børa di er borte

eit ord for soning
i kroppen som dør,
ordet som byggjer bru

ein grunn å stå på

og mennesket vart ord
og vandra gjennom tidene – til oss;
eit glimt av ei større rettferd for verda –


søndag 11. september 2016

Kjeldene #2


over slettelandet der vindane bles
ein einsam mann
ein klovn ein luring ein angrande orm
slår kappa tettare om seg

endå ein gong
på vandring ein ny bustad nytt liv

auga er rolege hendene stødige
føtene sikre på vegen
i det indre bles vindane
eit skjelvande fasetthjarte i kvilelaus tåke

lengten tilbake
til dei gylne portane
til staden der kjærleiken har sin kjelder
og hjartet finn ro i skuggen
av milde auge

fredag 9. september 2016

Kjeldene #1


eg høyrer slaga
frå tunge fjerne klokker

som ord skrivne i stein

byen ligg taus under morgondisen
let sollyset leike
finne nye vegar gjennom gatene
strekk seg breiar seg veltar seg ut

berggrunnen dirrar
tyngda av tunge fjerne klokker
er ei visse noko sjølvsagt

ingen er som dei var
utan byen
nye kjelder har vella fram