Viser innlegg med etiketten heimlengt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heimlengt. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2016

Kjeldene #2


over slettelandet der vindane bles
ein einsam mann
ein klovn ein luring ein angrande orm
slår kappa tettare om seg

endå ein gong
på vandring ein ny bustad nytt liv

auga er rolege hendene stødige
føtene sikre på vegen
i det indre bles vindane
eit skjelvande fasetthjarte i kvilelaus tåke

lengten tilbake
til dei gylne portane
til staden der kjærleiken har sin kjelder
og hjartet finn ro i skuggen
av milde auge

lørdag 31. mai 2014

Hovudet over vatnet #2



ein skimrande tråd,
glinsande edelsteinar
knapt synlege over horisonten
viser veg mot framande kystar,
eit håp i stormen
ei berging for oss
med lekke båtar
og ausekar som fingerbøl,
vi som ror til musklane stivnar
og aldri kan kvile,
om det så er spegelblank sjø

no blenkjer det, skin
som tusen usynlege lanterner
viser veg mot ein heimleg kyst