Viser innlegg med etiketten kyrkje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kyrkje. Vis alle innlegg

søndag 15. april 2018

Kyrkjeasyl



dei mørke skuggane
frå baksida av mitt eige hjarte
og frå vrangsida av verda
kan ikkje lenger nå meg

eg har søkt asyl
i ein større lekam
der mitt eige vert oppslukt
i fellesskapet

og veggane er ikkje av tre eller betong
men av levande ord
som også er eit sverd
og eit løvebrøl

bak desse orda
og dei naglemerka hendene
er eg trygg


fredag 29. september 2017

Til fridom



kvardagslivet lever
eg i skuggen av store hus
og vekslande draumar
i dette landskapet
eg kallar heimland

dette landskapet
eg trør med trufaste steg
på stigar eg håpar leier fram
og leier rett

til fridom
sa du, med auge og stemme
og kjærleik som lyfter
til fridom
seier eg, og lar håpet slå rot

for i dette heimlandet
mellom store draumar
og forgjengelege hus
er der eit ankerpunkt
for alle mine lengslar;
og eg kastar ut festelina
og du dreg meg inn
til fridom



mandag 1. juni 2015

Kyrkja



1
slik har ho stått
mellom dei høge fjella
mellom fjordar og vatn
mellom steinar og tre
mellom menneska og æva

som ein peikande finger
mot det som er høgare
vidare, større
enn våre kvardagsliv
våre tankar og kjensler

peiker på det
som strekk seg
over avgrunnane i sinnet
over dei gapande såra i hjartet
over våre puslete forsøk på fred
som ei bru

ein veg å gå
der alle våre eigne vegar endar
og fridomen vi jagar
er å finne i det uventa, i det store
som strekk ut sine eigne armar på eit kors
og seier: kom, her er nåde å få –




2
så vert det kanskje noko trongt
der livet bølgjer seg veg
mot våre travle strender

knuser, tygg og spyttar ut
alle våre forsett, alle våre ideal,
set dei attende som raude tal i kolonner

og vegen vidare, forbi
må finnast, må veljast
som eit medvite val i stega

og kor ein går
med all si tid og all si redsle
er ikkje likegyldig





3
endå er lyset der
strålar gjennom mitt mørke,
eit skinande glimt av æva

stjernehimmelen over
speglar seg i hjarta,
som glimt i frå noko utanfor

og lyset famnar fellesskapet
menneske med ansiktet same vegen
mot Han som held oss hos seg –