Viser innlegg med etiketten abstrakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abstrakt. Vis alle innlegg

onsdag 12. februar 2014

Lys frå eit tomrom




Redd meg frå mitt eige hovmod,
lyft meg ut frå desse fjellveggane
som berre sender lyden av mi eiga stemme tilbake,
att og fram – eg er som ein fange
i eige hovud

Kan du gje meg det mitt hjarte ynskjer,
eit svar til alle mine draumar –
Eit svar den dagen eg ropar i naud:

Kven fekk med seg kvar eg sette foten
feil, kven dømer, kven kan måle opp
avstanden mellom rett og galt?

Orda mine strekk seg som fangarmar,
slyngjer seg rundt husa i denne byen,
famnar om smått og stort
som eit botnlaust rop,
som varmestrålar frå ei slokna stjerne
- endå kan du sjå den på himmelen,
men du anar ikkje kven av dei det gjeld –

Først om førti år vil den falle,
og det er så ufatteleg trist
at det likevel er så mykje lenger sidan den levde…

onsdag 5. februar 2014

Bølgjene




Bølgjene slår og slår
mot den stranda
vi kallar livet

Slår sine taktfaste slag,
slepper seg sjølv
laus på verda

Det er noko nake, noko sårt
over slike handlingar
slik ein sjølvutslettande repetisjon

på ny og på ny og på ny
kjem dei veltande
gir seg sjølv, fullt og heilt –

medan dagane går…
som i ein virvlande dans
vi kallar livet

onsdag 8. januar 2014

White as snow




snowflakes are falling
lightly in the wind
softly on my porch, softly on my house
softly – on my world
covering it all
in drapes of white, covering
all the dizzy autumn thoughts
and fears – they’re all gone,
drifted away,
only the white resists
to flee the ground,
in spite of my bad actions
– only the white got the power
to make it all good,
to comprehend the light – and send it 
through the very core of me


onsdag 4. desember 2013

Parallell


Det går ei tynn linje
mellom det som er sant
og det eg diktar -

ei linje med sikksakksaum
og eit utal krysningspunkt
- berre synlege med attletne auge

Parallelt med orda går eit bilete,
det svevar rett over bakken, set farge på verda
og nett dei fargane eg ynskjer -

Du kan krysse linja
viss du vågar deg ut på trampolina
og satsar mot ukjent terreng

Det einaste det krev av deg:
at du tek av globusbrillene 
og vågar deg utanfor xyz-koordinatane -


(NF-abstrakt)

torsdag 28. november 2013

Invertere verda



eg veit ikkje kva om hendte;
det snudde så brått
som eit knips eller knepp på ein knott

alt vart forandra,
det som før var så flott

då smil vart til gråt
medan sorga vart glede

- alt som var opp
finn vi no att her nede

for det lyse vart mørkt
og det mørke vart kvitt

og bilen eg køyrde stod plutseleg still
borna dei tagde og kona vart vill –