Viser innlegg med etiketten bil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bil. Vis alle innlegg

lørdag 18. juli 2020

Lågare

no har eg summa rundt
time etter time i bilen
med klare mål for auga;

forbruket er nede
i 0,54 per mil

og det har eg jobba hardt for


onsdag 6. juni 2018

På vegen #2



når du fresar forbi éin bil
vil der alltid vere ein til
og endå ein
som køyrer sakte

berre for å plage deg

eg for min del
kjem heller to minutt for seint fram
med blodtrykket på rett nivå

fredag 27. april 2018

Auge vegen heim



bil
aleine
vegen
heim

kveld
regn

ventar
auga
døra
heime

lengtar
hender
huda
heime


fredag 13. oktober 2017

Ikkje A4



vi er begge gjestar i verda
kongen og eg
med bankande hjarte
draumar og håp
utolmod i møte med flokar

likevel er det vel ein skilnad
på oss som køyrer A4
og dei som ikkje

oss som aldri tippar i lotto,
fordi vi er nøgde med kvardagsstrevet
og dei
som kvar dag må sjå seg sjølv spegla
i kamera og tabloidaviser –

inst inne er vi jamvel like
kongen og eg;
vi er begge gjestar i verda