her står eg, midt i ein ørken
under den veldige stjernehimmelen
og ser opp i det uendelege, veldige -
forstår kor liten eg er
og at vegen tilbake er mykje lenger
enn vegen fram
ein stad der ute, på andre sida
av dei vide sanddynene
ventar det stjernene vitnar om,
og eg må fylje kallet
heilt til enden
veit ikkje kva eg vil finne
eller om dette eg møter
er det som vil finne meg
redde meg
ut av min indre ørken -
Viser innlegg med etiketten stjerne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stjerne. Vis alle innlegg
fredag 6. desember 2019
søndag 24. desember 2017
Eit lys i verda #24
og stjerna på nattehimmelen
over byen
smeltar
saman med
stjerna
på hjartehimmelen
i
eit ord, ein stråle, eit kall;
eit
kall – til å snu
lyfte
blikket
og
vandre ein betre veg
Etiketter:
advent,
advent 2017,
Oslo,
stjerne
torsdag 21. desember 2017
Eit lys i verda #21
Etiketter:
advent,
advent 2017,
hjarte,
Oslo,
stjerne
onsdag 20. desember 2017
Eit lys i verda #20
like
inn til mine mørkast krokar
når stjernelyset
ubehageleg
klårt skin strålane fram
til
bortgøymde feilsteg;
dannar
ei bru, ein stige
eg
kan klatre opp frå avgrunnen på
Abonner på:
Innlegg (Atom)
