Viser innlegg med etiketten matematikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten matematikk. Vis alle innlegg
søndag 16. august 2015
3 mrd
Etiketter:
hjarte,
kjærleik,
livet,
matematikk,
nynov
tirsdag 14. januar 2014
Dei rare menneska
Eg klør meg i hovudet,
ser på alle bileta
i atlaset mitt –
menneske som kryp på alle fire
medan dei teiknar opp strekar
så raskt dei berre kan,
så mange strekar
at eg nesten får vondt i hovudet,
og ikkje ein av teiknarane
ser lukkeleg ut –
Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i historieboka mi –
menneske som spring etter kvarandre
med stokkar i hendene
og sinte rop
medan dei gløymer ut kven dei er
og alle draumane dei drøymte
då dei var barn – i same gate
Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i naturfagboka mi –
menneske som ser heilt like ut
inni, under hud og hudlandskap
som skjuler deira indre liv,
og ser kor dei blomstrar opp
og vert raskare, smartare, friskare
når dei blandar gen
som er så ulike som mogleg –
Og likevel fryktar dei det som er annleis…
Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i matematikkboka mi –
Når skal vi lære
at det einaste logiske,
det einaste som nokon gong vil virke smart
(i alle retrospektive lys)
vil vere å leve saman?
Etiketter:
Framandfrykt,
gen,
geografi,
historie,
matematikk,
menneske,
naturfag,
verda
tirsdag 8. oktober 2013
Fakta om ironiske fakta
Eg skal seie deg kva ironi er!
Det er at dei unge kvinnene
som ikkje kan lese, ikkje kan rekne,
men som kan sy
(Du verda som dei kan sy!)
sit på ein fabrikk i dei grå sidegatene
i Bangladesh
og tråklar seg gjennom
den eine skjorta etter den andre
og legg siste hand på verket;
for at eg, læraren
skal ha ei skjorte å gå i
medan eg underviser born
som ikkje ser poenget med å kunne rekne
Etiketter:
ironi,
matematikk,
undervisning,
urettferd,
verda
lørdag 13. oktober 2012
Matematikk
Over
heile skogen finn eg
matematikk
Mønster,
inngravert i detaljar
vi nesten aldri ser
Regelmessige vitne
om ein
matematikar
med sans
for det vesle
Det du
må leggje deg på kne
og komme
så nær
at du må leggje kinnet mot bakken
for å
kunne sjå
Abonner på:
Innlegg (Atom)
