Viser innlegg med etiketten naturfag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten naturfag. Vis alle innlegg

tirsdag 14. januar 2014

Dei rare menneska




Eg klør meg i hovudet,
ser på alle bileta
i atlaset mitt –
menneske som kryp på alle fire
medan dei teiknar opp strekar
så raskt dei berre kan,
så mange strekar
at eg nesten får vondt i hovudet,
og ikkje ein av teiknarane
ser lukkeleg ut –

Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i historieboka mi –
menneske som spring etter kvarandre
med stokkar i hendene
og sinte rop
medan dei gløymer ut kven dei er
og alle draumane dei drøymte
då dei var barn – i same gate

Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i naturfagboka mi –
menneske som ser heilt like ut
inni, under hud og hudlandskap
som skjuler deira indre liv,
og ser kor dei blomstrar opp
og vert raskare, smartare, friskare
når dei blandar gen
som er så ulike som mogleg –
Og likevel fryktar dei det som er annleis…

Eg klør meg i hovudet,
ser på bileta
i matematikkboka mi –
Når skal vi lære
at det einaste logiske,
det einaste som nokon gong vil virke smart
(i alle retrospektive lys)
vil vere å leve saman?