Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg

onsdag 12. november 2014

Bastian et Bastienne



det er så vakkert så vakkert
med gode tonar i lufta
og smil
om enn litt smale

heilt til du ser tittelen
og forstår
at dette -
dette er noko anna
enn du trudde

noko du trudde
vi var ferdige med
for lengst

noko du ikkje vil
vere med på

akkurat det same som du sa
den gongen
dei ymta, forsiktig så forsiktig
at det finst andre språk
enn nynorsk

men du nekta
hardnakka
å sjå sanninga i auga



(onsdagstema)

fredag 30. mai 2014

Brikke





du er ei brikke
i det store spelet

ein bit
i hopen

likevel unik i din eigen kamp
mot tyngdekrafta

dødskreftene som gjer krav på oss alle
på same måten -

som vi må møte
på vårt eige vis

kanskje er det slik
at vi veks som ulike strålar

rundt ein kjerne av det same stoffet -
den same lengten etter utfriing

fridomen vi meir anar enn veit
finst også for oss


(Fredagstema)

fredag 11. april 2014

Ny kunst



det er den nye kunsten
den som stiller våre bleike kopiar
i skuggen
og viser eit bilete vi har sett før
utan å ha sett det,
ein kollasj av noko vi kjenner
utan at noko har vore her før,
det er den heilt nye kunsten,
nygrodd og vakker
mot våre gråe flater –

seks dagar
eller millionar av år…
eg er like imponert uansett!