Viser innlegg med etiketten optimisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten optimisme. Vis alle innlegg
onsdag 7. mars 2018
torsdag 10. oktober 2013
Chronos & Chairos
1
Historia
fortel om to brør,
så ulike
som natt og dag;
Den eine
hadde orden, og rede på tida
Han ordna
det meste,
sorterte
og fiksa -
i
avtaleboka plotta han inn
den eine
hendinga etter den andre
Den andre
broren gav
for å
seie som det av og til vert sagt
katten
og gjorde
nett det han ville, utan tanke på rykte
eller
konsekvens
og aller
minst på kva som skjedde i går
eller det
som skal skje i morgon
Desse to
vaks opp i same hus
og
korleis dei kom overeins -
det er
eit av dei djupe mysterium…
2
Då eg var
ung og ny i verda
såg eg på
framtida som eit uendeleg hav,
sjanse på
sjanse, ein uutforska marknad
for
tanke, for arbeid, for kjærleik, for draum
for alt
det eg håpa og trudde
Eg lengta
etter ansvar, higa etter fridom
ville
finne min eigen veg gjennom kosmos,
ein
dynamiske veg for alle mine val –
eg måtte
lage den sjølv, gjennom alt det eg gjorde og tenkte
Då eg var
ung var det enkelt;
Alt var
mogleg
Eg kunne
velje og vrake,
for vegen
eg gjekk var så kort, og vegen framfor uendeleg lang
I dag ser
eg vegen som buktar og snor seg
- min veg
han ligg
der, og eg er ikkje sikker –
Vart den
heilt slik som den skulle?
Og vegen
framfor er langt meir dunkel,
og langt
frå så enkel som før
Eg veit
dessutan no
at
uansett kva val eg tek, uansett kor eg set foten
og kor
vegen vil bukte seg og kva svingar eg må forsere,
så står
der ved enden ein port
ugjenkalleleg…
3
For ein
som meg, som har orden i a-planen
er det
ikkje så enkelt med filosofi –
tankane
flyt liksom utanfor sine vante baner
og nye
stiar dukkar opp
Rett som
det er må eg stryke over det eg trudde var eit svar
Og
erstatte med eit stort spørsmålsteikn –
Eg
kjenner nemleg Chronos aller best
Det var
hans veg som vart min veg,
det er vi
som er likast – eit felles band
på tvers
av tid og rom
eller
skal vi heller seie: Langs tid og rom
4
I dag
møtte eg Chairos i hagen
Eg sat og
studerte dei gule lauva på plenen,
såg på
den bøygde strukturen
og dei
brune flekkane og den tydelege dekonstruksjonen
Eg leita
fram blad eg syntes var fine,
då det
gjekk opp for meg:
Alle dei
blada eg har leita fram
er blad
som nyleg har falt…
Gråsvarte
tankar dukka opp som troll i frå hatten,
blant
anna den vondaste og vanskelegaste
som
handlar om forfall
Forfall…
Slik eit
vondt ord, slik eit tydeleg varsel
om død
Like
fullt – det er det skiltet som står ved vegen no
Forfall
34
Og eg
veit ikkje om det er 34 fram
Eller 34
attende…
-
Akkurat
då
I det
tanken om forfall hadde etsa seg inn
i mine
indre tankestrukturar
dukka
Chairos opp,
denne
pøbelen av ein sjarmør,
slentrande
inn på plenen min
og stilte
seg opp med stødige bein
hendene
på hoftene og eit skeivt smil
Eitt ord
sa han,
eit
einaste ord, til meg:
No
Auga
strålte som tindrande stjerner
dei
fortalte meg alt eg trengte å vite,
for eg
forstod kva han meinte med ordet
(Til
pessimist å vere, har eg forunderleg god greie på optimisme)
5
Alle arka
i a-planen min er no rivne,
dei ligg
strøydde på bakken
blant
gulnande lauv,
og snart
er det borte i vinden
Eg har
også rive ned kalenderen frå veggen –
Fortida
akseptert,
Framtida
førespeila med undring, om enn ikkje tenkt på som sjølvsagt
Og no, No sit eg her
og skriv
dette diktet, desse linjene
som
djupast sett handlar om hjartet mitt
og kor
lett, og samtidig tungt, det faktisk kan vere
For
Chronos sit i ein krok og sturar
medan Chairos
held opp tastaturet
(korleis
kan eg vel gjere dei begge til lags?)
torsdag 5. september 2013
Optimist
I dag er eg optimist
I dag – reknar eg algebra med penn
I dag – let eg paraplyen stå,
trass dei mørke skyene
bak horisonten
I dag – knyter eg joggeskoa
med enkeltknute
Det går nok bra!
I dag – skal eg tippe i lotto
I morgon skal eg kaste kupongen
i papirreturen,
for i morgon
er eg nok meg sjølv att
Nei, sjå på det du,
papirreturen… som om det…
Ja, i dag er eg verkeleg
optimist!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
