dei hutrande bokstavane
slo seg saman
på jakt etter meining
sette seg ned
i tett fellesskap,
gav kvarandre varme
i nattekulda
vart stadig sett saman
og snart rekna som
ein gjeng
- så her står de
seier dei forbipasserande;
ser ikkje lenger individa
berre heilskapen
og meininga står å lese
på ulikt vis
på innsida av auga som stirrar -
sjølve har dei gitt opp,
ser ikkje lenger poenget
med å leite
har nok med kvarandre
Viser innlegg med etiketten bokstavar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bokstavar. Vis alle innlegg
søndag 26. april 2020
torsdag 23. januar 2020
Ut i krigen
ta imot dei marsjerande grafema,
geledd på geledd
over papiret - holdt!
venstre om
og på skulder penn,
kvil og kvil
så kan du inspisere dei stramme rekkene,
vandre mellom oppstilte framstillingar
børste støv av nokre buar,
helse høfleg på rette strekar
eller hudflette heile regimentet
på grunn av bagatellar
det er du som er generalen her,
det er du som styrer hæren
og kan gje marsjordren - ut
til kamp mot kunnskapsløysa
det er deg dei følgjer, du som set standarden
og skal vere den som leier an;
så: på skulder penn
høgre, venstre, høgre, venstre, høgre, venstre
og marsj!
geledd på geledd
over papiret - holdt!
venstre om
og på skulder penn,
kvil og kvil
så kan du inspisere dei stramme rekkene,
vandre mellom oppstilte framstillingar
børste støv av nokre buar,
helse høfleg på rette strekar
eller hudflette heile regimentet
på grunn av bagatellar
det er du som er generalen her,
det er du som styrer hæren
og kan gje marsjordren - ut
til kamp mot kunnskapsløysa
det er deg dei følgjer, du som set standarden
og skal vere den som leier an;
så: på skulder penn
høgre, venstre, høgre, venstre, høgre, venstre
og marsj!
søndag 9. februar 2014
M O R
M er for mor,
den tryggaste
hamna
for ankring, for
bunkring,
for starten på denne
seilasen
dei kallar livet
–
O er for omsorg,
og eg trur ikkje
det er tilfeldig
at vi finn både M
og O og R
i dette ordet –
R for rikdom,
men ikkje av det
fysiske slaget –
Eg tenkjer på
alle minne
alle klemmar og
kos
alt det som vert
putta oppi livssekken
og sendt med på
ferda ut i verda
Og medan båten
stampar seg veg
gjennom bølgjer
og storm,
over blikkstille
vatn, i regn, i tåke
ser eg heile tida
hamna
med sine trygge
lys
like
over horisonten der bak (Fototriss)
Abonner på:
Innlegg (Atom)