ingen ser forskjell på meg og
deg
viss
eg let att auga
og
du sluttar å smile
viss
vi let att hjarta
og
lukkar lungene
lever
på syntetisk omsorg
frå
dei som bryr seg meir
om
støvet vi kvervlar opp
enn
kjøttet som fyller støvlane

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar