fredag 2. februar 2018

Ein gong i tida



det er tida, min ven
ikkje noko å gjere med det –

ein gong fall frøet i jorda
vart overrisla med vatn og sol
vaks til ei spire, eit tre
strekte sine greiner mot himmelen

ein gong vart treet hogd ned
og høvla til dugeleg plank
så reiste dei naustet
bygd med friske hammarslag og

sette båten på vatnet
la den i le for uvêr og storm;

tida kjem, tida går

ein gong vil det smuldre opp, alt
falle tilbake til støv og jord

det er tida, min ven
ikkje noko å gjere med det –



5 kommentarer:

  1. this lonely wooden house by the water's edge is very moving. nice picture

    SvarSlett
  2. Lonely image, thanks for sharing :)

    SvarSlett
  3. Excellent textures and beautiful reflected light. The building looks a little worn - I hope it survives.

    SvarSlett