det
var ikkje meg du leita etter
då
du snørte skoa på deg
og
sette døra til det gamle livet
på
klem –
du
leita ikkje etter nokon
det var hjartet som var
kompasset
kviskra retning, fart
tid
føtene brann seg gjennom
asfalten
det
rasla i lauvet der du gjekk
dei
tause fuglane observerer
frå
sin utkikkspost på telefonlinja
det
er tida, sukkar dei
tida
som akkurat no er den rette
for
du leita ikkje
før
akkurat då du fann meg
då
slutta du å leite

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar