Viser innlegg med etiketten 2000. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 2000. Vis alle innlegg

tirsdag 8. september 2020

Vente seg sjølv

noko ventar på djupet

noko anna ventar

med høglytte steg over gamle golv

i ein annan etasje

 

aldri kan me vite

kven som ventar

når me opnar dørene,

eller om dørene let seg opne

før me veit

kven som ventar

 

og det som ventar

ventar også me

 

kanskje er det oss sjølve som går 

med knirkande sko, avbrotne steg

utan å vite

 

utanfor vindauget sit den vesle fuglen og plystrar

og det er der, akkurat i den melodien

hjartet har sin eigentlege heim

 

 

lørdag 17. februar 2018

Den som ikkje leitar kan også finne



det var ikkje meg du leita etter
då du snørte skoa på deg
og sette døra til det gamle livet
på klem –

du leita ikkje etter nokon
det var hjartet som var kompasset
kviskra retning, fart
tid
føtene brann seg gjennom asfalten
det rasla i lauvet der du gjekk

dei tause fuglane observerer
frå sin utkikkspost på telefonlinja
det er tida, sukkar dei
tida som akkurat no er den rette

for du leita ikkje
før akkurat då du fann meg

då slutta du å leite