akkurat som om nokon
tenkte ein tanke
som handla om deg no
tenkte at du er ein person
det er mogleg å tenkje på
med glede
og denne gleda kan du merke
for den går begge vegar,
om du vil eller ikkje -
tanken er ein monolog for to
tanken lever ikkje aleine,
som hjartet alltid bankar i takt med noko anna
og ikkje slepp
sjølv der grensa mellom huda og tanken
er eit hinder for beina, vil tanken sleppe gjennom
og gleda lyse som ein sluse
den kan vandre i
Viser innlegg med etiketten tanke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tanke. Vis alle innlegg
onsdag 23. september 2020
tirsdag 14. juli 2020
Halv tanke
her er ikkje sollys
nok
til ein heil tanke,
her er ikkje kulde
til eit bankande hjarte
nok
å krype over, forsere
i kampen mot seg sjølv
her er sollys
for trøytte bein, men
tankane
er borte
onsdag 30. september 2015
Inn i eventyret
som
eit svingande sverd
slår
lysstrålane gjennom underskogen,
raskar
med seg siste rest
av
natt og skumle tankar
kom,
lokkar skogen no,
den
som tidlegare var eit hinder
ein
diger port
til
eit avstengt land
men
no – no er alt ope
no
ligg verda for våre føter
det
er berre å stige inn
på
dei ukjente stiane
og
det svingande sverdet leier vidare
til
eit rike utanfor tid og rom,
der
berre erfaringar og fantasiar
er grenseland mot det gråtorsdag 4. juni 2015
Over eit landskap
eg kastar meg over
ein
tanke i farta
klamrar
meg fast
når
den svevar av garde
let
meg føre innover eit landskap
skapt
av kviskrande ord
og
ser meg sjølv
i
dette bildet,
at
nokon vil meg der
og
vil meg godt
Abonner på:
Innlegg (Atom)