dagane den gongen
var dagar utan reservasjon
dagar som berre kom og var og eg levde
der føtene fekk feste
alle auga
var som ukjente djup
eg både frykta og vart trekt imot,
ynskte eg kunne vere noko
bak dei blanke pupillane, samtidig
som eg helst ikkje ville bli sett, gli under radaren, vere fri
frå bindingar eit hjarte-til-hjarte-liv heftar til seg
i dag kan eg spole i desse bilda
for dei er ikkje lenger lynglimt
men stivna fotografi i album
der dei fleste sidene er grå og usynlege
i dag kan eg le av meg sjølv
men alvoret heng likevel med meg; det var noko
å streve med
og arra sit endå
som bleikna kloremerke over sjela