Viser innlegg med etiketten vekse opp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vekse opp. Vis alle innlegg

lørdag 1. februar 2020

Ny smerte

eg blunkar
og plutseleg
er eg ikkje lenger eit barn

verda vidar seg ut
som når ein glir inn mot land
frå det store havet
og kysten openberrar seg
i alt sitt velde

konturane av ei framtid
stig opp av vatnet

auga mine
som nettopp vart fødde,
må lære seg å gå på eiga hand
og overleve
som jeger i ukjent landskap

stivt stirrar eg framfor meg,
medan eg glir inn på stranda

eg torer ikkje blunke ein gong til