Viser innlegg med etiketten skilje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skilje. Vis alle innlegg

onsdag 17. juni 2015

Murar imellom




lenge var denne muren usynleg
for auga mine, dei var vende
ein annan veg, fortapte
i mitt eige landskap

men så begynte du å rope
og dei instendige ropa snodde seg
som virvlande vindar i tankane,
tvang meg til å snu meg, sjå

og eg såg rad på rad med steinar,
muren stod der, solid som få
og du på andre sida, og eg vart sint
på denne skiljelinja

men det kan kanskje vere vanskeleg
å tolke forskjellen, kjenne målet
for mine forbitra utrop, kvart brennande ord
la ein ny stein til muren

og snart vaks den seg høgare enn oss begge
og du miste meg av syne
og eg miste deg av syne
men eg høyrde deg gråte –

og gråten vekte hjartet og hjartet
kledde seg i oska etter brannen
og fortvila prøvde eg å rive steinane ned
- dei låg for høgt for meg

så står eg her, så står du der
og stilla gjennom muren
er bygd på smuldrande håp;
kan du høyre min lengt gjennom stein – ?


tirsdag 30. juli 2013

Ytst på kanten av seg sjølv

Stå på grensa til noko framand,
noko som lokkar,
midt i vår frykt
og redsle for å gå vill
Det som kallar på oss, dreg oss
utover, over kanten, 
over våre eigne grenser



Vi står på vippepunktet, 
mellom det kjente
og det som endå er mørkt
som ein svart vegg
ved enden av vegen vi går



Mjuke tonar smyg seg over vassflata,
snor seg fram mellom bølgjene:
over, ned, mellom, 
over, ned, mellom,
som ein symfoni 
for einsame sjeler,
ytst på kanten av seg sjølv



Kor kjem dei frå, desse tonane?
I natta listar dei seg 
heilt fram til øyredøra,
bankar på, 
men går inn før vi svarar;
Dei lokkar – 
nærare kanten, våg, 
ja, våg!



Og vi står på grensa 
til noko framand,
livet er ikkje lenger det kjente,
vi stussar, 
kjenner eit gys gå gjennom kroppen; 
Det er kaldt



Ingen vegar fører attende
til uskuldige gleder 
og sorger
Vi må hoppe,
det er ikkje eit val – 
melodien veks i styrke,

og i det vi tek steget,
hoppar frå kanten
med redsla bankande 
som ei tromme i magen,
strekk melodien tusen strålar 
mot oss –


- og let oss falle mot det ukjente,
fryktsamt – og kontrollert

No vert ingenting som før, 
vissa står skrive over hovuda våre,
men redsla er borte –


tirsdag 4. desember 2012

Frå mi side av gjerdet



Eg veit ikkje kva eg sa
som var så gale
Eg hugsar ikkje kva du gjorde
som slo hol i marka mellom oss

Men ein dag var blomane visna,
graset låg dødt mellom tørre tre

Himmelen var grå og regntung
den dagen

eg vakna og såg
det var sett opp eit gjerde
mellom oss
Solid, og så breitt at eg ikkje kom rundt

Det er lenge sidan no
Gjerdet står stødig – urokkeleg,
og eg kastar stadig lengtande blikk over
til di side av marka

Eg har gløymt
korleis orda verkar,
eg har gløymt korleis fargane ser ut
eg har gløymt ut
alt
utanom det dirrande, uforståande
spørsmålet:
Kor var det vi gjekk feil?