Viser innlegg med etiketten mur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mur. Vis alle innlegg

torsdag 7. november 2019

Det som vart ein mur

det vanskelege er
at eg sit fast i noko eg ikkje kan plassere,
eit augeblikk eg ikkje kunne føresjå
den gongen me bygde denne muren -

det var gode dagar, det var så mykje lys
og me bygde saman
det var vårt - eit byggverk fylt av song
og me la ned uendeleg mykje kjærleik i dette
som slett ikkje skulle bli ein mur

som likevel enda, likevel
snudde til vinterkulde og mørke skuggar

eg støypte meg fast, innsida av hjartet krympa
og no ser eg ikkje lenger kor byggverket endar,
kva som forvandla dei lyse veggane til eit stengsel

-

kanskje kan eg rekke ut handa, vifte litt over kanten,
gje meg til kjenne,
senke dette stolte blikket
heve meg over einsemda og skalet eg pakkar meg inn i

kanskje kan eg innrømme      noko
la meg knuse
og vekse opp att av oska
som den eg ein gong var
i auga dine


onsdag 17. juni 2015

Murar imellom




lenge var denne muren usynleg
for auga mine, dei var vende
ein annan veg, fortapte
i mitt eige landskap

men så begynte du å rope
og dei instendige ropa snodde seg
som virvlande vindar i tankane,
tvang meg til å snu meg, sjå

og eg såg rad på rad med steinar,
muren stod der, solid som få
og du på andre sida, og eg vart sint
på denne skiljelinja

men det kan kanskje vere vanskeleg
å tolke forskjellen, kjenne målet
for mine forbitra utrop, kvart brennande ord
la ein ny stein til muren

og snart vaks den seg høgare enn oss begge
og du miste meg av syne
og eg miste deg av syne
men eg høyrde deg gråte –

og gråten vekte hjartet og hjartet
kledde seg i oska etter brannen
og fortvila prøvde eg å rive steinane ned
- dei låg for høgt for meg

så står eg her, så står du der
og stilla gjennom muren
er bygd på smuldrande håp;
kan du høyre min lengt gjennom stein – ?