onsdag 1. januar 2020

I dei stille gatene

alle menneska i kø
på bussen i butikken på veg
gjennom dei stille gatene i ein ny by

spindelveven veks mellom hovuda,
ei stille erkjenning
av mangel på ord
og dei spreidde tankane kryp rundt
på sølvstrengane

skuggeboksar
med sine indre stillas,
let hundre fossar falle gjennom landskapet

til slutt 
vil hovuda opne seg
og blomar gro fram
i restane av utdøydde samtalar -

førstemann som vågar å seie fram tankane sine
vil få eit eige monument
i den stille gata

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar