tirsdag 7. januar 2020

Ironisk volum

eg tenkjer på samanhengen
mellom forma på orda eg seier
og det volumet med luft dei fyller
i det eg let dei forlate munnen

truleg vil et ord som     ingenting
ta meir plass i verda
enn om eg let ordet     alt
smette lett forbi leppene

ei spissmus vert større enn ein sau
og ein snøleopard
vert mykje større enn ein kval

og om eg ytrar ordet sol
vil det fylle ein brøkdel av plassen
til ordet molekylærbinding

alt dette er vel og bra,
men det verkeleg ironiske vil inntreffe
den dagen eg seier    eg elskar deg
og finn at luftvolumet knapt kan skimtast
samtidig som tanken på deg
er større enn sjølve universet


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar