fredag 24. januar 2020

Full fart inn i noko

det kan gå fort;
frå ein dag til den neste
som eit knips
eller eit nys

heilt uforvarande kan det gå;
før du veit ordet av det
er alt forvandla
til ein farge du ikkje visste om,

verda rundt ser ut omtrent som før
(men akkurat det
kunne ikkje brydd deg mindre)

for du har sett henne, altså henne
som auga ikkje heilt forstod
kunne finnast
og hjartet berre
kasta seg ut etter, som i eit svev utan fallskjerm
utan tanke på konsekvensar 

og om du hadde prøvd
(sjølv om du sjølvsagt ikkje 
er så dum 
at du gjer det, då)
ville du ikkje klart å dra hjartet laust
same kva du hadde gjort

så fort kan det gå 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar