tirsdag 21. januar 2020

Mellom dørene

like brått som eg går inn døra
går eg ut att

høyrer ekkoet smelle
gjennom dei tomme korridorane
i tusenvis av år,
til lyden dør ut
bak ei stjerne langt borte

men før det,
før alt glir saman
til ei grå masse
vil eg teikne med store penslar
synge med høg stemme
lage ein ode til livet
med så mange fargar

frå første til siste vers

at ekkoet vert overdøyv
av eit halleluja



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar