søndag 12. januar 2020

Noko nytt

det er ikkje sikkert at du er den første
heller ikkje den siste
eller nummer to tre sju fjorten tusen

kanskje spelar det ei rolle for deg,
kva gjer det med deg?
vert du ein annan
om du ikkje lenger er først eller sist,
om andre ser på deg frå andre vinklar
gjennom nye filter?

kan det tenkjast, gjerast mogleg
at ei endring
vil vere positiv
noko som kan ruske opp i avfallet
sleppe lys inn i lukka rom
opne opp der det før var stengt
og stengje det som kanskje burde vore stengt
for lengst -

det er ikkje sikkert du er den same i morgon
og kanskje er det bra

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar