Viser innlegg med etiketten ordspel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ordspel. Vis alle innlegg

fredag 23. oktober 2020

Eg sa noko anna

eg misforstod det motsette

av det du meinte å ikkje seie,

slik at det me til saman hadde gløymt

var større enn summen av det me aldri hadde opplevd


heller ikkje eit felles minne kunne me dele

utan å miste halvparten av det me hugsa

og det dobbelte av det som ikkje skjedde


slik har me latt vere å byggje vår eiga historie;

ingen kan viske det ut eller endre det

utan å ville leggje til noko anna