denne
fjorden er så djup,
spreier
eit lag av realisme
over
mine flyktige draumar –
først
må du over,
først
må du setje beina
i
framand jord
og
skrelle av deg alle orda
lag
for lag
til
kjernen av deg sjølv står tilbake
naken
og redd
og
aleine;
kjenne
vindane ville rive deg med
kjenne
straumane føre deg av garde
mot
kystar du ikkje kjenner
og
heile tida er du over denne fjorden
så
djup, så taus
og
reell