Viser innlegg med etiketten hest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hest. Vis alle innlegg

torsdag 23. april 2020

Ein som ikkje finst

på svevande venger
kjem hesten
tilbake

så mange lysår unna
sine eigne draumar,
og timar unna
sin eigen undergang;

du finst ikkje 
er den unisone helsinga
etter landinga

men det å stille spørsmål
ved sin eigen eksistens
er den mest paradoksale av alle øvingar
og langt utanfor
ein enkel hest sin kompetanse

så han brettar saman vengene
og går overlegent vidare
til sin eigen fridom

det går ikkje an -
mumlar me,
og gjer som me plar;
hentar riflene 
for å rydde opp i verda


onsdag 23. oktober 2013

Omringa



på innsida eller utsida
ein stad
ligg fridomen

eg er omringa, avgrensa
av så mykje
eg ikkje lenger har talet på

oppgåver og plikter
det andre bestemmer, det eg vel sjølv
og alt saman står som eit gjerde –

spørsmålet er berre
kor fridomen er,
utanfor – eller innanfor?

og kva type fridom det er snakk om;
kva eg vil ha
- om eg kan velje den vekk eller ikkje

for fridom utan avgrensing
er ikkje lenger
fridom –

(onsdagstema)