Viser innlegg med etiketten vakkert. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vakkert. Vis alle innlegg

onsdag 16. september 2020

Det vakre veks

det vakre kan vekse på tre
det veks her
i bakhagen, i skuggen, under falleferdige tak
der jorda er hardtrampa
og lyset aldri kjem til

det veks her
det spirer gjennom søppel og rask,
sprenger seg veg
gjennom bølgeblekk og knust glas,
lagar ein sti
frå den mørke molda og heilt opp

til lyset,
let seg ikkje knekke
av stormar    regn     alle som trampar forbi
berre veks og veks
og strekk seg, vinkar:

bli med
mot lyset!


lørdag 28. september 2013

Himmelkunst



Med lange, seige strøk
dreg skaparen penselen over himmelen
Att og fram, frå eine kanten til den andre,
heilt til han er fornøgd
og avsluttar maleriet med nokre skydottar
i stille svev over horisonten

Så set han seg ned på kaikanten
rett ved sidan av meg
Sukkar tilfreds og klappar meg på skuldra
Seier:
Dette, son
kan eg gjere i hjartet ditt også
viss du vil


#ro i hjartet

Det er få ting som gir meg meir ro i hjartet, enn å kunne sitte og sjå utover fjorden ein slik stille haustettermiddag med fantastiske fargar på himmelen. Bildet tok eg i går kveld. Eg elskar hausten!

mandag 13. mai 2013

Beauty displayed



Make a square with your fingers
and frame this beautiful view:
Two children walking, hand in hand,
supporting the steps of each other

The father is walking behind, 
capturing a picture of his heart 


(Mitt bidrag til Tina's picstory: Beautiful)