Viser innlegg med etiketten pappa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pappa. Vis alle innlegg

torsdag 9. mars 2017

Eg og du



berre eg og du
pappa
eg og du
i denne bakken

du kan smile
eg kan le
og vi kan gå
saman
berre eg og du –
du og eg
i denne bakken

heile vegen
frå dei lette slettene
og opp til toppen
går vi
eg og du
berre eg         og       du
pappa
heile vegen
saman

ja, berre eg og du
pappa
du og eg
i denne bakken



søndag 6. april 2014

Den nye verda #11


Den nye verda #10


Den nye verda #9


Den nye verda #8


Den nye verda #7


Den nye verda #6


Den nye verda #5


Den nye verda #4


Den nye verda #3


Den nye verda #2


Den nye verda #1



# pappatankar
Utover dagen vil det her på bloggen dukke opp bilete eg tok i dag tidleg, då eg var på trilletur med minstejenta. Når ein går slik og trillar i ei nyvaska verd, utan andre lydar enn fuglesong og knitring i grus, og ein ser på det fantastiske vesle mennesket som ligg og søv i vogna, er det ikkje til å unngå at det dukkar opp ein del tankar... Nokre av desse tankane kan du lese på bileta!

tirsdag 4. februar 2014

Ein annan pappa




Eg skulle ynskje eg hadde ein annan pappa
enn deg
sa veslejenta (ho er fire), i fullt alvor
- ho var ikkje sint ein gong,
berre litt irritert –
Ja vel, sa eg
og korleis er denne pappaen, då?
- Han skal vere kuul
Heile tida
sa ho, men kunne ikkje seie noko meir
om kva det innebar –
No høyrer det også med til forteljinga
at eg
den ukuule pappaen
nettopp hadde sagt ho skulle vaske hendene
etter at ho var på do
- slike uhyrlege krav
kan få fram det verste i den beste –

tirsdag 19. november 2013

Kontrollert



eg skal bere deg stødig
sjølvsagt skal eg det,
eg skal bere deg med faste steg
og sikre armar
over knirkande golv, gjennom
tunge dører, under trugande fjell –
sjølvsagt skal eg bere deg,
verne deg
vere trygge armar, varme smil
du kan lene deg mot, kvile, sove
for endå er verda di under kontroll
endå, ei stund til –