Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

mandag 8. juni 2020

Dobbelt så lenge

dette er berre halvparten
av det verkelege
det doble
av det eg veit

det som er mitt
er den siste biten
det som er ditt
er alt

likevel kan det delast
og alt vert att
som sitt eige

lukkeleg er den som ser
allting nære
lukkeleg er den som er
og får vere

ein løyndomshaldar
til ditt hjarte


søndag 3. november 2013

Morfar

Johannes Bø (1911-1997)



Min morfar
skomakaren
Han som vi kraup inntil
om morgonen
og høyrde fortelje
om fjerne tider:
om krigen og revejakt
og lensmenn og soldatar

Min morfar
mjølkesjokolademannen
Aldri kan eg ete
Freia mjølkesjokolade
utan å tenkje på han

Min morfar
som grudde seg for å køyre buss
Aller helst ville han vere heime,
men kom likevel
og vi gledde oss
når vi såg bussen opp siste bakken

Min morfar
som eg ikkje alltid forstod
Han var annleis enn meg
tenkte så annleis
om mange ting
Og ikkje alltid lytta eg
så godt som eg burde

Min morfar
som er borte no
Han levde sitt liv,
og let meg bli ein del av det
for ei stund
Borte, men ikkje borte
frå hjarta mitt