Viser innlegg med etiketten refleks. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten refleks. Vis alle innlegg

onsdag 29. april 2020

Reflektor

denne lengtande overflata
som speglar alt den kjem over

ukritisk plaprande
smiskar seg inn 

let seg føre ut over alle stup
utan kritikk, tom for indre medvit

vert ein reflektor for hjartedjupa
og sjølv eit djup utan lys

stemma mi forsvinn når eg opnar munnen,
hjartet stilnar først når auga vaknar